Lovleg for deg
Lovleg er ein serie som går på nrk.no. Det er ein serie som handla om vennskap, samhald og kjærleik. Det er 2 sesongar totalt og på NRK ligg alle episodane, medan på https://lovleg.p3.no/ er det enkelt episodar og meldingar som har komme den tida lovleg varte. Dei episodane som ligg på https://tv.nrk.no/serie/lovleg/sesong/1 er heile episodar som er alle dei små episodane frå ei veke samla på ein stad.
Lovleg handlar om Gunnhild som flyttar til ein stad som heter Sandane for å gå på videregående skole. Ho flyttar inn på eit hybelhus der vi møter den framtidige bestevennen hennar Sarah. Sara har blått hår og ein eigen stil. Ho tørr og stå for det ho meiner og seier ting litt rett ut. Saman med Sarah i kollektiv huset bur Alex som har oransje krølla hår, liker å sminka seg og har ein veldig fin personlegdom. Vi finn òg Peter som er niesen til han som eig huset, han liker å spela handball og held til mange timar på å vera i kyrkja. Vidare i serien føller vi Gunnhild når ho skal starta på skulen og korleis kvardagen går når du startar ein ny stad utan og skjenna nokon.
Nokon av dei første dagane drikk Gunnhild alkohol for første gong og klarer ikkje kontrollera det ho seier eller gjer. Utover kvelden klarer ho å seia ein av dei største løyndommane sine til alle dei andre og nokon filmar og det blir sendt rundt. Dette kan man sjå i traileren til serien:
https://tv.nrk.no/program/NRKT10000418